Pressemelding – Årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029

Pressemelding – Årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029

Pressemelding om kommunedirektøren sitt forslag til årsbubudsjett  2026 og økonomiplan for perioden 2026–2029.

Volda kommune må spare 60 millionar på fire år – det vert brutalt

Kommunedirektør Rune Sjurgard og Kari Mette Sundgot - Klikk for stort bileteKommunedirektør Rune Sjurgard og Kari Mette Sundgot Volda kommune

Kommunedirektøren legg i dag fram sitt forslag til budsjett og økonomiplan for perioden 2026 – 2029. Han seier at dette er den mest krevjande budsjettprosessen han har vore med på. Det som vert lagt fram er brutalt og mange av tiltaka er upopulære og lite ynskelege. Kommunedirektør Rune Sjurgard seier at det er med tungt hjarta at han ser seg nøydde til å kome med slike tiltak. Det er eit statleg krav om balanse i budsjetta, og da må alle tiltak på bordet dersom kommunen skal ha ein sjølvberande økonomi. Forslaget inneber ein reduksjon på 45 årsverk dei komande fire åra.

Årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029

Vi er påverka av geopolitisk uro 

Kommunedirektøren dreg parallellen til den internasjonale og nasjonale utviklinga i innleiinga si. Den geopolitiske utviklinga skaper uro og auka trusselbilde. Forsvar og beredskap må prioriterast, samtidig som ein større andel går til trygde- og pensjonsytingar. Det er mindre føreseielegheit og vanskelegare å drive langtidsplanlegging. Vi må bu oss på ei ny tid. Den enkelte vert utfordra på å ta meir ansvar. Velferdsordningane er under press. Til tross for at Noreg prioriterer ein relativt stor del av statsbudsjettet til velferd, og har den beste dekninga av helsepersonell i Eurosona, så er det no eit skrikande behov etter meir ressursar i kommunane, fylkeskommunane og sjukehusa. På Stortinget vil det verte ein kamp om å bruke meir av oljefondet. Utfordringa vert å finne balansen for den offentlege pengebruken, slik at den ikkje medverkar til inflasjon og auka rente. Støreregjeringa budsjetterer med 25 % underskot på fastlandsøkonomien. Dette vert dekt ved bruk av oljefondet og går hovudsakleg til velferd. Oljeinntektene skal etter kvart trappast ned, og det vert eit stort press på demokratiet den dagen ei framtidig regjering skal leggje statsbudsjett utan desse inntektene. Dette tilseier at vi må bu oss på ei formidabel omstilling. 

Volda kommune – 60 millionar meir i utgifter enn i inntekter

Dette vert dekt ved å bruke av sparepengane (disposisjonsfondet). Sjurgard seier at det nok har gått opp for dei aller fleste at det vil vere umogleg å spare og kutte så mykje utan at det vil gå utover tenestene, innbyggjarane og dei tilsette. Sjurgard har forståing for den belastninga dette vil innebere, og leiinga i kommunen ser med stort alvor på denne situasjonen.

Innbyggjarane vil nok spørje seg kvifor vart det så mykje vanskelegare no? 

Vi har lagt bak oss fleire år med høg skatteinngang, høge flyktningetilskot utbetalt før utgiftene kjem og fleire år med uvanleg låg rente. Dette har mogleggjort oppbygging av disposisjonsfond. Vi har kunna halde oppe eit for høgt driftsnivå, og dette har på ein måte vorte skjult ved at vi kunne dekkje «holet» i budsjettet med sparepengar. Denne effekten er no borte. Volda kommune tapte på endringane i inntektssystemet. Gjelda har auka til 2,1 milliard og renta har stige. Utgiftene til rente og avdrag har auka med 79 millionar på fem år. Stortinget vedtek reformer og rettar som ikkje er fullt ut finansierte. Dette eskalerer når det vert fleire med individuelle rettar som får behov for tenester. I barnevern, i grunnskulen og i helse og omsorg. Dei ressurskrevjande tenestene utgjer stadig ein større andel av utgiftene til helse og omsorg. Summen av dette er ikkje berekraftig. Fondet vil vere tomt neste år. Det må gjerast prioriteringar både nasjonalt og lokalt. Dette set kommunane i ein skvis der vi må drifte velferdstenester pålagt av staten, og som staten ikkje viser full vilje til å finansiere. I ein slik situasjon vert kommunar som Volda, med så høg lånegjeld, ramma ekstra hardt.

Situasjonen har ikkje kome over natta

Dette er ei utvikling som har vore varsla, og det ligg inne store innsparingsprogram i dei siste økonomiplanperiodane. Det er lett å utsetje kutt som smertar. Det er først når det vert tomt på kontoen at kommunen får kniven på strupen på å ta grep. Statsforvaltaren peikar på at Volda kommune har eit kort tidsvindauge på dette no medan det enda står att nokre kroner på disposisjonsfondet. 

Noko må gjerast 

Med den konteksten vi står i, må vi drive på andre måtar, og innbyggjarane må innstille seg til reduserte forventingar til måten dei får tenestene på, og kvar tenestene vert levert.  Alternativet er at velferdssystemet kollapsar. 

Analyse over framtidig utgiftsbehov viser at det er i pleie- og omsorgstenestene vi får vekst i behova. 

Graf som viser indeks for behov for åra 2010-2050 - Klikk for stort bilete Agenda Kaupang

Dersom vi held fram som nå, vil behovet for pleie- og omsorg verte 43 % høgare i 2040.

Vi må ha tiltak for å møte utviklinga med fleire eldre som skal ha tenester, veksande andel som fell utanfor utdanning og arbeid, lågare tilgang på arbeidskraft, krav til sterkare fokus på klima og beredskap, samt lågare vekst i inntektene. 

Samfunnsoppdraget er meir enn tenesteyting

Kommunen har ansvar for å leggje til rette for utvikling av arbeidsplassar. Volda kommune har låg sysselsettingsvekst. Volda er vertskommune for regionale funksjonar som vidaregåande skule, høgskule og sjukehus. Kommunen må kutte, men samtidig ha langlysa på for utviklinga i eit 30-års perspektiv. Vi må ha både ein kortsiktig og langsiktig strategi.

60 millionar på fire år vert brutalt

Mange av tiltaka er ikkje ynskelege, og dei er svært upopulære. Dette er ikkje noko administrasjonen vil, men ser seg nøydd til å foreslå. Kapitalkostnadene får vi ikkje gjort noko med. Resten av utgiftene er hovudsakleg løn og driftsutgifter. Dei største utgiftene er innanfor oppvekst og helse og omsorg. Den største effekten i det kortsiktige perspektivet er ved strukturendringar og reduksjon i nivået på tenestene. Tiltaka treffer breitt. Eigedomsskatten på næring vert foreslått opptrappa frå 4 til 7 promille over tre år. Vi kuttar i administrative stillingar. Vi vert meir sårbare for å kunne halde oppe tenestene ved fråvær og vakansar. Det er ein risiko for at vi ikkje har administrativ kapasitet til å  gjennomføre alle prosessane knytt til kutt og omstilling i økonomiplanperioden.

Innsparingane treffer breitt 

Forslag om nedlegging og samlokalisering av skular treffer heile bygdelag og er mest synleg. Men dei største kutta er i helse- og omsorgstenestene, med blant anna forslag om nedlegging av ei bugruppe på Volda omsorgssenter. Ressursane i tenesteytinga i helse og omsorg må gradvis flyttast ned i innsatstrappa for å redusere behova lenger oppe. Tildelingsvedtaka vil måtte liggje på minstestandard. Det er eit tankekors, og også stor risiko om det er realistisk å kutte så mykje i helse- og omsorgstenestene, når det er innanfor dette området vi får størst auke i behov framover. Signala i statsbudsjettet og frå statsforvaltaren er at kommunane må dreie ressursar frå oppvekst til helse- og omsorg. I helse- og omsorg må ressursane dreiast frå institusjon til heimebasert omsorg i tråd med regjeringa sin strategi om at fleire skal bu heime lenger. I oppvekst ser vi at meir av budsjettet går til individuelle tiltak på grunn av auka behov hos barn med særskilte behov, samt til å dekkje opp meirkostnader med statleg politikk knytt til redusert barnehagepris mv. Dette resulterer behov for å dreie ressursar innanfor oppvekstsektoren også. 

 

Tiltak som vert foreslått i 2026 

  • Dalsfjord skule – nedlegging og flytte barnesteget på Øyra skule og ungdomssteget til Volda ungdomsskule frå 01.08.26
  • Folkestad skule – ungdomssteget flyttast til Volda ungdomsskule frå 01.08.26
  • Folkestad barnehage – gradvis flytting til Folkestad skule
  • Reduksjon i merkantile stillingar i grunnskulen
  • Kontaktlærarer – redusere funksjonstillegg
  • Reduksjon miljørettleiar-ressurs i grunnskulen
  • Reduksjon i talet på pedagogar i kommunale barnehagar
  • Redusert bemanning i barnehagane
  • Reduksjon 0,5 stilling i avdeling for barn og familie
  • Reduksjon 0,2 stilling i kommunalsjefen sin stab
  • Reduksjon 1 stilling programrådgjevar ved Volda læringssenter
  • Reduksjon 0,3 rådgjevarstilling ved Volda læringssenter
  • Ta vekk kontaktlærarar ved Volda læringssenter
  • Redusert fartsgrense og avslutte skuleskyss Grodås – Grothaug 
  • Folkestadtun omgjort til ubemanna omsorgsbustader
  • Reduksjon nattevakt ved institusjonstenestene
  • Kutt i overtid i helse og omsorg
  • Samordne leiarressurs med ein områdeleiar for heimetenestene og Verslavegen bustader i Hornindal (1 stilling)
  • Ta vekk kvilande nattevakt ved Verslavegen
  • Auka effekt av vedtaket om samordna nattevakt mellom tenestene i helse og omsorg i Hornindal
  • Reduksjon vakant 0,5 stilling ved Sevrinhaugen/Kleppevegen
  • Reduksjon i offentleg legeoppdrag på helsestasjonen, helsestasjon for ungdom
  • Ta vekk funksjonen som dagleg leiar ved Volda legesenter
  • Leggje ned frisklivskoordinatorfunksjonen
  • Avskaffing av tilskotsordninga til leike- og aktivitetsområde
  • Avvikle bibliotekdrifta i Hornindal
  • Reduksjon reinhald i utvalde kommunale bygg
  • Avvikle kulturmidlane (tilskotsordninga)
  • Nedlegging av branndepota på bygdene
  • Reduksjon 1 stilling på eigedomsavdelinga
  • Reduksjon frå to til ein frivilligsentral (1 stilling)
  • Reduksjon tilskot til Volda skisenter
  • Reduksjon i utgifter landbrukskontoret i samband med vakanse
  • Reduksjon 1 stilling veg 
  • Midlertidig stillingsreduksjon ved vakanse i sektor for samfunnsutvikling

 

Tiltak som vert foreslått i løpet av økonomiplanperioden (2027 – 2029)

  • Heilårsverknad av tiltaka for 2026
  • Reduksjon av 2,8 stillingar i stab- og støttefunksjonane 
  • Reduksjon i tilskot til private barnehagar (pga av lågare utgifter til kommunale)
  • Leggje ned ei bugruppe (Seljetun) ved Volda omsorgssenter
  • Hornindal omsorgssenter omgjort frå institusjon til bemanna omsorgsbustader
  • Reduksjon nattevakt bu- og habilitering (samlokalisert bufellesskap) i Volda sentrum. 
  • Kvilande nattevakt Sevrinhaugen 1 erstatta med velferdsteknologi 
  • Samlokalisering av Volda legesenter og Hornindal legesenter
  • Reduksjon 1 stilling sektor for samfunnsutvikling
  • Stillingsreduksjon park

 

Mangel på folk og pengar utfordrar tenestestrukturen

På leit etter pengar i det kortsiktige perspektivet, utfordrar det tenestestrukturen og tenestene på bygdene som har ein høgare einingspris enn ved stordrift. Det er forståing for at bygdene opplever at dei vert ramma hardt. Volda kommune førte ein motkonjunkturpolitikk på 80-/90-talet og i starten av 2000-talet. Med eigne kommunedelplanar og satsing på nye skulebygg og grendehus i Austefjorden, Folkestad og Dalsfjorden. I Dalsfjorden er det to skular med ca seks kilometer avstand. Til tross for desse investeringane ser vi i ettertid at folketalsveksten følgjer vegaksen langs E39. I Volda sentrum, som har hatt stor folketalsvekst, vart det i denne perioden ikkje investert for å oppretthalde standarden og dekkje behova med innbyggjarvekst. At ein måtte ta att dette dei siste 10 åra er ei hovudforklaring til den høge gjeldsveksten til kommunen. Men også at det har vore gjort større investeringar i Hornindal.

 

Ein må sjå strukturtiltaka som rammar bygdene opp mot reduksjonen i tenestene i helse og omsorg, og reduksjon i bemanning i barnehagane og skulane. I framlegget til økonomiplan er, så langt administrasjonen kan sjå, alle moglege tiltak lagt på bordet. Til tross for at mange tiltak vil råke innbyggjarane, og ikkje er ynskelege, så er dei mogleg å gjennomføre i den forstand at dei ikkje bryt med lova. Dei mest kontroversielle tiltaka vil ikkje verte iverksett i umiddelbart i 2026 om dei skulle verte innarbeidd i kommunestyret si handsaming. Vi må førebu og gjennomføre prosessar for at dei kan vere klargjorde for realisering seinare i 2026 eller innarbeidast i budsjett og økonomiplan for perioden 2027 - 2030. 

Framlegget inneheld ikkje berre kutt

Det er ei formidabel omfordeling av ressursar i det kutt- og omstillingsprogrammet som er lagt fram i økonomiplanperioden. Oppvekstsektoren er den som får mest i nye tiltak, eit snitt på 30 millionar kroner. Helse- og omsorgssektoren får i snitt 17.2 millionar i nye tiltak.  Auken i begge sektorane er hovudsakleg knytt til lovfesta rettar og tiltak i tillegg til lønsauke. Sektor for samfunnsutvikling er den sektoren som relativt sett må kutte mest, og får ikkje nye driftstiltak utover lønsvekst, pålagt brannopplæring og auka lisensutgifter. Driftstiltak som kommunestyret vedtok å innarbeide i gjeldande økonomiplanperiode er vidareført.

 

Foreslåtte investeringar 

Innarbeidde investeringar frå tidlegare år vert vidareført.

Nye investeringar:

  • Aasenkvartalet - opparbeiding av uteområde, veg og parkeringsplassar
  • Hamna 20 – restfinansiering
  • IKT-investeringar
  • Bilar til interkommunal barnevernteneste
  • Leidningsprosjekt sjølvkostområdet vatn og avløp
  • Vassverk Fyrde og Lauvstad
  • Avløpsanlegg Ytrehorn (rein skitten sone)
  • Oppgradering kommunale bygg (mindre beløp)
  • Maskin, bilar og utstyr brann
  • Oppgradering kommunale leikeplassar

 

30-årsperspektiv – men starte å jobbe no 

Dette er strategien for å gjenskape sjølvberande økonomi:

– Skjerme noko av den tidlege innsatsen

I framlegget vert heller ikkje tidleg innsats skjerma, men det er likevel teke høgde for å skjerme noko av dei tiltaka som har vorte oppbygt dei seinare åra, m.a ungdomsklubb, styrkinga med ny avdeling for barn og familie, samt dreia tidlege  innsats inn lågare trinn i tenestetrappa og i heimetenestene i pleie og omsorg. 

– Bustadpolitikk

Gjennom arealplan i kommuneplanen, bustadpolitisk plan og sentrumsplanane for Volda og Grodås leggje til rette for ein bustadpolitikk, der ein ser dette i samanheng med øvrig infrastruktur knytt til klima og samferdsel. 

– Bustad- og tenestetrapp

Behovsstyrt tenestetildeling sett i samanheng med rett trinn i bustad- og innsatstrappa. Rett teneste til rett tid. Utvikle bustadkonsept som gjer det attraktivt for eldre og brukarar til å vere lenger aktiv i eigen heim. Konsept som vert å utvikle i nært samarbeid mellom representantar for målgruppa, kommunen sine tenester, utbyggjarar og Husbanken.

– TØRN

Tenestestyrt bemanningsplanlegging og arbeidstidsordningar som skaper meir stabile tenester og arbeidsmiljø. Erfaringar frå andre kommunar er auka kvalitet i tenestene, redusert sjukefråvær og reduserte utgifter til vikarbruk og overtid.  

– Aktivering av arbeidskraftreserven

Vere tett på dei tilsette og førebyggje og redusere sjukefråvær, samt meir aktivt tverrfagleg samarbeid med legane og Nav.

Redusere utanforskap blant unge. Frigjere ufaglærte jobbar gjennom oppgåvekartlegging i pleie- og omsorg og andre stader i kommunen. Utforske modell for organisering av «arbeidsformidling» til målgruppa i samarbeid med td Furene, Ørsta kommune, Nav og frivillige. Søkje finansiering frå Sparebankstiftinga søre Sunnmøre og ev andre.  

– Tenesteutvikling gjennom interkommunalt samarbeid

Byggje større fagmiljø, redusere sårbarheit og få meir gevinstar ut av teknologien.

– Tilrettelegging for nye arbeidsplassar

Gjennom arealdelen i kommuneplanprosessen avklare framtidige næringsareal. Oppfølging av dei politiske føringane for Aasenkvartalet med hotellutbygging, innovasjonssenter/ kunnskapspark for å stimulere til vekst i aktivitet og arbeidsplassar, samt styrke framtidig grunnlag for Høgskulen og Volda sjukehus.  

Gjennomføre sentrumsregulering og utløyse utbyggingsprosjekt ev kombinasjon nærings- og bustadbygg.

– Gjeldssperre

Gjennomsnittleg årleg låneramme avgrensa til 40 millionar kroner for å starte nedbetaling på gjelda. 

– Verksemdstyring

Delta i KS nettverk i lag med ROBEK-kommunar. Politisk og administrativ deltaking der vi får tilgang til felles kompetanse og idear for betre verksemdstyring.

Årshjul med planlagde prosessar for å følgje opp innsparingstiltaka og omstillingsprosessane, samt milepelar for kontroll og oppfølging av økonomi- og årsverkstyring.

 

Vi må stå saman for å løyse utfordringane

Erkjenning av situasjonen og behovet for å gjere noko er første steget til endring. Sidan vil alle kjempe for sitt, og ingen går i fakkeltog for heilskapen. Kommunedirektøren er plikta til å ta den rolla. Til slutt er det kommunestyret som har ansvaret for å gjere dei rette prioriteringane, og syte for at kommunen får ei utvikling som samla sett tener innbyggjarane i framtida. Den ideelle politiske situasjonen er basert på vekst, der ein kan innfri gode intensjonar om stadig betre tilbod og auka aktivitet. Viss det skulle kome meir pengar til kommunane etter forhandlingane om statsbudsjettet i Stortinget, vil det for Volda sin del handle om prioritering av kva tiltak som ikkje skal takast vekk eller reduserast.

Utfordringane er store og krevjande. Ein ting er sikkert. Skal vi løyse dei, må vi stå saman og løyse dei gjennom ein stor dugnad. Vi må passe på at vi greier å behalde dei gode fagfolka i kommunen. Halde på optimismen og evne å sjå framover. 

 

Årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029