Eigedomsskatt

Eigedomsskatt

I Volda kommune er det eigedomsskatt på all eigedom i kommunen.

Grunnlag frå Skatteetaten

Skatteetaten sine bustadverdiar vert lagt som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten.

Likningsverdien utgjer normalt 25 % av bustadverdien som Skatteetaten har fastsett. Dersom likningsverdien er fastsett til kr 500 000 vert altså bustadverdien på kr 2 000 000. Eigedomsskattegrunnlaget er 70 % av bustadverdien.

Verdien er eit overslag på bustaden sin omsettingsverdi, rekna ut frå bustaden sitt areal, byggeår, bustadtype, kvar eigedomen ligg og opplysningar om omsette bustader i kommunen.

Du finn meir informasjon om dette på Skatteetaten si heimeside.

Kommunal taksering

I dei tilfelle kommunen ikkje har motteke slik bustadverdi , vert taksten fastsett av kommunen. Dette gjeld da for;

  • Fritidseigedomar (også utan bygg) 
  • Våningshus på gard 
  • Bustadeigedom der vi ikkje har grunnlag frå Skatteetaten 
  • Næringseigedomar (også utan bygg)

Taksten baserer seg på ei skjønsmessig vurdering som skal tilsvare omsetningsverdien til eigedomen. For bustadar og fritidsbustadar er skattegrunnlaget 70 % av taksten. Du kan lese meir om retningslinene for kommunal taksering i dokumentet «Rammer og retningsliner for verdsetjing/taksering av eigedomar i Volda kommune (PDF, 354 kB)».

Klage

Du kan klage dersom du kan dokumentere at taksten er for høg i høve til antatt omsetningsverdi. Ved andre feil eller spørsmål ber vi om at du tek kontakt  med kommunen før du eventuelt sender inn ein klage. Klagefrist er 6 veker frå skattelista vert offentleggjort eller dette vedtaket vert sendt ut. 

Eventuell klage skal vere skriftleg. Klage skal merkast med gards- og bruksnummer, eventuelt også feste-/seksjonsnummer og telefonnummer.

Faktura for eigedomsskatt vert fordelt på 4 terminar med forfall i mars, mai, august og oktober. (Gjeld ikkje dersom du har månadleg fakturering).
Eigedomsskatt, gebyr for vatn, kloakk og feiing/brannsyn blir no på samme faktura.

Eigedomsskattelister 2025
Tittel Publisert Type
Skatteliste eigedomsskatt 2025 - Bustadverdi

28.02.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Skatteliste eigedomsskatt 2025 - Bustadverdi.pdf
Skatteliste eigedomsskatt 2025 - Fritak

28.02.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Skatteliste eigedomsskatt 2025 - Fritak.pdf
Skatteliste eigedomsskatt 2025 - Landbruk,fritid,bustad

28.02.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Skatteliste eigedomsskatt 2025 - Landbruk,fritid,bustad.pdf
Skatteliste eigedomsskatt 2025 - Næring

28.02.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Skatteliste eigedomsskatt 2025 - Næring.pdf

 

Søke om fritak frå eigedomsskatt?

Her er våre retningsliner om kven som kan få redusert eigedomsskatt:

  • Husstandar med ei samla brutto årsinntekt lågare enn 3G (folketrygda sitt grunnbeløp x 3) ved siste skattemelding, kan søkje om fritak. Som inntekt reknast løn, pensjonar, renteinntekter, aksjegevinstar mm.
  • Bur det fleire enn søkjar i bustaden vil desse vert rekna med som ein del av hustanden og deira bruttoinntekt vert lagt saman med søkjar si brutto inntekt. Dette gjeld også heimebuande born over 18 år. 
  • Eventuell inntekt frå leigebuar vert rekna som inntekt for søkjar.
  • For einlege forsørgjarar kan samla brutto årsinntekt vere opptil 3,5G ved siste skattemelding.
  • Viss husstanden si samla bankinnskot er større enn 1G (folketrygda sitt grunnbeløp), vil ein ikkje få fritak frå eigedomsskatt. Dette gjeld berre for personar over 18 år med inntekt.
  • Søkjar må sjølv bu på eigedomen.
  • Det er ikkje fritak frå eigedomsskatt på fritidsbustadar og sekundærbustadar.

Jamfør lova så gjeld fritaket berre for eit år om gangen og ein må søkje på nytt kvart år.

Per 1. mai 2023 er 1G kr. 124 028. 3G blir då kr. 372 234 og 3,5G kr. 434 273.

Frist for å sende inn søknad for fritak frå eigedomsskatt i 2025, var sett til 01.01.2025.

Til søknadsskjema om fritak frå eigedomsskatt

 

Summen som vert vist på skattesetelen, er det beløp pr år?
Kva har takstmann lagt til grunn for verdivurdering?
Taksten er altfor høg, dette tykkjer eg er urimeleg, har de gjort ein feil?
Naboen har fått ein lågare takst enn meg, men har jo eit større hus?
Hytta mi er ikkje mogleg å selje på grunn av at den ligg på ein tomt saman med fleire hytter. Vi har avtaler som bind oss slik at vi ikkje får selt.
Eg har ei festa tomt. Kvifor skal ikkje grunneigar betale eigedomsskatten?
Eg har fått krav om å betale eigedomsskatt på ein hytte eg ikkje eig, men grunnen er min.
Kva for eigedomar får fritak frå eigedomsskatt?
Korleis fungerer nedsetting, ettergjeving og utsetjing med betaling?
Kan eg få utført ein egen takst (godkjent takstmann) og krevje at den heller skal brukast?
Korleis kan eg klage?
Korleis skal eg betale?
Vil bustader og hytter vert handsama ulikt?
Er det mogleg å få delt opp betalinga i kvar mnd?
Eg klaga i fjor, men klaga er ikkje avgjort enno. Kva skjer med takst og betaling no?
Kva kan eg gjere om eg ikkje klarer å betale gebyret?

Kontakt

Jørgen Vestgarden
avdelingsleiar
E-post
Mobil 90 47 09 15