Hamna dagsenter er eit interkommunalt tilpassa dagtilbod for menneske med utviklingshemming, heimehøyrande i Ørsta og Volda kommune.
Senteret flyttar midlertidig ut av lokala sine i Hamnegata 20 i Volda i september 2025.
Tilbodet til brukarane ved Hamna dagsenter blir individuelt tilrettelagt utifrå den einskilde sine behov for aktivisering, trening og meistring. For mange er dagsenteret ein arbeidsplass der tilpassa arbeidsoppgåver gir auka sjølvkjensle, glede og meining i kvardagen.
Kontakt
Seksjonsleiar: Daiva Paulen
E-post: daiva.paulen@volda.kommune.no
Telefon: 95 44 82 59