Frisklivssentralen

Frisklivssentralen

Frisklivssentralen – for gravide og småbarnsfamiliar

Frisklivssentralen i Volda kommune er eit kommunalt helsetilbod som har fokus på oppfølging av gravide og småbarnsfamiliar. 

Vi vil hjelpe deg med å ta stega du treng på vegen mot betre helse og livskvalitet for deg og familien din. 

Gjennom grupper og individuell oppfølging legg vi vekt på:

  • trening, aktivitet og bevegelsesglede
  • gode matvanar
  • livsmeistring

 

For å nytte deg av tilbodet treng du ein frisklivsresept. Med resepten får du to samtalar med frisklivskoordinator, der vi ser på kva endringar som kan gjerast for å betre din og familien sin livssituasjon. Saman utarbeidar vi ein plan med oppfølging og målsettingar knytt til desse endringane.  Resepten er gratis og varer i tre månader.

Korleis kan du få frisklivsresept?
Du kan få frisklivsresept ved å henvende deg til frisklivssentralen, lege, fysioterapeut, helsestasjon eller jordmor. 
Resepten er gratis og varar i tre månadar. 
 

  • Korleis kan du få frisklivsresept?

    Du kan få frisklivsresept ved å henvende deg til frisklivssentralen, lege, fysioterapeut, helsestasjon eller jordmor. Resepten er gratis og varar i tre månadar. 

Ved Frisklivssentralen får du hjelp til å finne eigenmotivasjon til å endre vanar. Målet er at du skal oppleve eigenmeistring og få støtte til å gå vidare på eiga hand for å kunne vedlikehalde sunne levevanar for god helse.