Sjukeheimar

Sjukeheimar

Volda omsorgssenter

Volda omsorgssenter er ein av institusjonane i Volda kommune, den ligg i Volda sentrum, og har adresse Barstadmarka 2.

Volda omsorgssenter har 4 seksjonar med 8 ulike bugrupper fordelt på 2 etg.  

Volda omsorgssenter har tilbod om heildøgnstenester og er øvst i omsorgstrappa. 
Målgruppa er personar med omfattande hjelpebehov i lengre eller avgrensa periodar.

Institusjonstenesta har tenestetilbodet skilt på ulike typar opphald:

  • Langtidsopphald 
  • Rehabilitering døgnopphald
  • Korttidsopphald 
  • Avlastningsopphald 

 

Måltid ved dei ulike seksjonane kan variere litt, men dei er rundt desse tidene.

Frukost kl. 09.00

Lunsj kl. 12.30-13.00

Middag kl.  15-15.30

Kvelds kl.  18.30-19

Piletunet/Kleppetunet
Seljetunet/Hasletunet
Ottastova/Karvestova
Kapteinstova / Klokkarstova

 

Hornindal omsorgssenter

Hornindal omsorgssenter er ein av institusjonane i Volda Kommune den ligg på Grodås, og har adresse Urdene 9. 

Hornindal omsorgssenter er inndelt i 3 grupper.  

Hornindal omsorgssenter har tilbod om heildøgnstenester og er øvst i omsorgstrappa. 
Målgruppa er personar med omfattande hjelpebehov i lengre eller avgrensa periodar

Institusjonstenesta har tenestetilbodet skilt på ulike typar opphald:

  • Langtidsopphald 
  • Avlastningsopphald
  • Korttidsopphald 
Utsikta
Elvakroken