Vikeneset kai

Vikeneset kai

Vikeneset kai er ei kommunal kai for lasting og lossing av varer, gods og anna materiell frå og til skip/båtar.

Kaia kan også nyttast til persontransport og lengre opphald. Det er Volda kommune som styrer all ferdsel ved og på kaia. Det er også areal for lagring av varer og gods ved kaia.

På kaia er kontainer for avfall som kan nyttast.

Volda kommune har døgnleige, ikkje timebasert leige.

Vikeneskaia har ein dimensjonerande tillatt vekt på 3 tonn/m2 i lagringskapasitet på land. 

Pullertfesta er 50T, og bruttotonnasje for båt skal ikkje overstige (BT) 12500T totalt. 

For å reservere plass ved kaia fyller du ut Bestillingsskjema for hamneplass og sender det til postmottak@volda.kommune.no.

Alle felt markert med gult skal vere fylt ut før innsending. Du vil bli varsla per e-post om kaia er ledig eller ikkje.

Faktura blir sendt dagen etter avreise. For å forlenge eit opphald fyller du ut nytt skjema og sender inn til same e-postadresse. 

Det er vassuttak og straum tilgjengeleg på kaia. Dei tilgjengelege kursane/effektene er synt under. 

Hamner - 400v uttak
400v uttakKursMaks effekt
S4100A58kw
S363A36kw
S232A18kw
Hamner - 230v uttak
230V uttakKursMaks effekt
S4125A42kw
S363A20kw
S232A10kw
S116A5kw