Tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap

Tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap

Grøntkledd norskt landskap. - Klikk for stort bilete Arnold Hoddevik

Hjørundfjorden og Norangsdalen har status som Utvald kulturlandskap i jordbruket. Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er ei økonomisk satsing og ein arbeidsmåte for å ta vare på eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap.  

Kven kan søkje?

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast i utvalde kulturlandskap. 

Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak. 

 

Kva kan søkjast tilskot til?

Årleg skjøtsel av areal og beiting innanfor UKL-området
Eingongstiltak/investeringstiltak på grunnlag av kvalifisert kostnadsoverslag

 

Korleis søkje?

Søknadskjema (landbruksdirektoratet) 

Det er viktig at du les godt gjennom dei lokale retningslinene og rettleiinga før du sender inn søknaden.

Fristar

Årleg skjøtsel har søknadsfrist 15. september. 
Eingongstiltak/investeringstiltak har søknadsfrist 15. april.
 

Meir informasjon

Føremålet
Ramme
Verkeområdet
Bakgrunn

For meir informasjon om UKL-ordninga sjå landbruksdirektoratet.no.

Nyttige lenkjer

Kontakt

Jan Endre Nesdal
rådgjevar
E-post
Mobil 90 25 58 15