Pris og moderasjon i barnehage

Pris og moderasjon i barnehage

Her finn du relevant informasjon om prisar og moderasjonsordningar i barnehage.

Pris for barnehageplass

Maksprisen for ein barnehageplass er styrt av regjeringa. Dette gjeld uavhengig av om det er privat eller offentleg barnehage. Barnehagane kan krevje betaling for matpengar i tillegg til maksprisen.

Frå 1.august 2025 er maksprisen for heiltidsplass, endra til kr. 1200,-.

Pris for barnehageplass 2025
StadBarnehageplassPris for plassMatpengar
Austefjord, Bratteberg, Engeset, Hornindal, Mork, Oppigarden100 %1200450
Folkestad og Lauvstad100 %1200450
Folkestad og Lauvstad80 %1130360

Private barnehagar har eigne satsar, men aldri over den nasjonale maksprisen. Meir informasjon finn du på barnehagane sine eigne nettsider.

Oversikt over alle barnehagar i Volda.

Moderasjonsordningar i barnehage

Redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid i barnehage

Foreldrebetaling for det første barnet skal maksimalt vere 6 % av hushaldet si samla person- og kapitalinntekt, begrensa oppad til maksimalprisen for foreldrebetaling.

Det kan søkast om redusert foreldrebetaling for barn som er 1 år og bur i hushald med lav inntekt. 

Alle 2,3,4 og 5-åringar, og barn med utsett skulestart som bur i hushald med lav inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 01.08.2025 er inntektsgrensa kr. 669 050,-.

Dersom hushaldet har fleire barn i barnehage, skal den få søskenmoderasjon for barn nummer to tilsvarande 30 %. For tredje eller fleire barn er barnehageplassen gratis.

Ordningane gjeld både kommunale og private barnehagar.

Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknad om redusert foreldrebetaling.

Det er ingen frist for å søke. Vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert, og ut barnehageåret.

Søk om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid i barnehage

Moderasjonsordningar
Syskenmoderasjon
Redusert foreldrebetaling for hushald med lav inntekt
Gratis kjernetid for barn i hushald med lav inntekt
Krav til dokumentasjon
Handsaming

Kontakt

Bodil Brautaset
avdelingsleiar barnehage
E-post
Telefon 70 05 88 73
Mobil 91 19 45 98