Plass i SFO

Plass i SFO

Kva er SFO?

Skulefritidsordning (SFO) er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod for elevar i 1.-4. årstrinn, og for elevar med særkilde behov til og med 7. årstrinn.

Tilbodet skal vere tufta på same verdiar som barnehagane og skulane i Volda. Barna sine behov for leik, kulturaktivitetar, omsorg og sosial læring må vere kjernen i innhaldet for tilbodet.

Kommunen har i dag seks skulefritidstilbod, og i alt er det om lag 250 barn i skulefritidsordningane.

Kva er opningstidene?

Den daglege opningstida vert tilpassa timeplanen ved kvar enkelt skule.

Skulefritidsordningane i sentrum (Bratteberg og Øyra) held ope kvardagar med følgjande unntak:

  • 3 veker om sommaren
  • jule-og nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag
  • 5 planleggingsdagar pr. år

Bratteberg og Øyra har delvis ferieope, med unntak av studie- og planleggingsdagar. Timane vert komprimerte, og opningstida vert tilpassa den einskilde skule. Påmelde til sommar-SFO kan nytte ferietilbodet i høve plasstorleik. Dersom det er behov for fleire timar, kan dette kjøpast ekstra.

Føresette vil i god tid kvart år få informasjon om kva dagar og veker skulefritidsordningane i sentrum er stengt.

I feriar når det er færre barn til stades, samarbeider skulefritidsordningane i sentrum om å halde ope. Føresette betalar for 11 månader pr. år.

Dei andre skulefritidsordningane (Mork, Hornindal. Folkestad og Dalsfjord) følgjer skuleåret som normalordning. Føresette betalar for 10 månadar pr. år.

Plass i SFO

Om du ønske plass i SFO, sender du søknad via Foreldreportalen i Vigilo. Foreldreportalen er tilgjengeleg både på PC, nettbrett og smarttelefon.

Lenke til foreldreportalen

Føresette til nye 1.klassingar vil kunne søke om SFO plass, når barnet er tildelt klasse ved skulen. Foreldre vil da få tilgang til kommunikasjon via Vigilo og foreldreportalen. 

Meir informasjon om Vigilo finn de her: Kom i gang med Vigilo som forelder.

Dersom det er spørsmål om plass i SFO før oppstart av nytt skuleår, ta direkte kontakt med skulen.

Søke om plass/ endre plasstype i SFO
Stadfeste SFO plass
Seie opp SFO plass
Manglande betaling - oppseiing frå kommunen

 

Vedtekter for skulefritidsordningane (SFO) i Volda kommune (PDF, 320 kB).