Fagtilbod i kulturskulen

Fagtilbod i kulturskulen

I kulturskulen er det mange ulike fagtilbod.

Fagtilbod i kulturskulen
KategoriUndervisingstilbod
StrykeinstrumentFele, Bratsj, Cello, Kontrabass
TreblåsBlokkfløyte, Tverrfløyte, Klarinett, Saxofon
TangentinstrumentPiano, Keyboard, El-orgel, Kyrkjeorgel, Trekkspel
MessinginstrumentTrompet/kornett, Trombone, Althorn, Tenor/baryton, Waldhorn
StrengeinstrumentGitar og klassisk gitar, Bassgitar, Slagverk
VokalmusikkSong, vokal folkemusikk
Musikk for dei minsteBabysong (0-1 år), for dei aller minste (1-2 år), småbarnsong (3-5 år)
Visuell kunstTeikning, måling, m.m, frå 4.-klasse. Undervisning i Volda.
KuDraMuDaTverrfagleg tilbod for born frå 6 år til og med 2. klasse der musikkleik i ulike kunstformer står i sentrum.
FolkemusikkGruppeundervisning i Volda. Må ha spelt eitt år på instrumnet. Hovudtyngda er på stryk/tangent, men det er opning for andre instrument. Ta kontakt. Eiga gruppe/kortkurs for ungdom og vaksne.
FolkedansGruppeundervisning i Volda

Undervisning

Individuell undervisningstime for instrument og song blir gitt ein gong per veke og varer mellom 20 og 35 minutt.

Nokre gongar er det hensiktsmessig å sette saman elevar i smågrupper. Undervisning i smågrupper kan vare mellom 30-45 minutt.

I tillegg kan elevane få tilbod om å vere med i samspelgrupper utanom den ordinære timeplanen.

Visuell kunst, musikk for dei minste og folkemusikktilbodet er organisert som gruppeundervisning. Det same gjeld for KuDraMuDa (Kunst, Drama, Musikk, Dans)

Orkester/samspel

Elevar som spelar strykeinstrument får tilbod om å vere med i strykegrupper.

Frå 7. klasse kan ein vere med i Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester. Dette tilbodet gjeld både strykarar og blåsarar.

Vi har to tilbod for samspel i folkemusikk, både for barn, ungdom og vaksne.

Kulturskulen har òg  eit nært samarbeid med lokalt kulturliv i kommunen og deltek på ulike arenaer.

Instrumentleige

Kulturskulen har eit avgrensa tal instrument for utleige. Per i dag gjeld dette stryke- og blåseinstrument.

Merk av i søknadsskjemaet om du ynskjer å leige instrument. I tillegg til instrumentleige kjem kostnader til strengar og fliser. Dette må elev/føresett dekke sjølve.

Søk om plass i kulturskulen

Kontakt

Hanne Benedicte Drabløs
rektor Volda kulturskule
E-post
Telefon 70 05 88 10