🏊♂️ Basseng og aktivitetar:
Bilde av hovudbassenget. Mot vassklie, babybasseng og motstrømskanal.Hovudbasseng: 15 x 25 meter med 6 symjebanar. Djupne frå 1,5 m til 3,8 m.
Opplæringsbasseng: Djupne frå 0,9 m til 1,6 m. Perfekt for dei som vil læra å symja.
Vass-sklie: Stor sklie med tidtakar – kappkøyr med venene dine!
Kaldkulp: For deg som vil ha ein forfriskande dukkert Motstrømskanal: La deg driva med – eller sym mot straumen for ekstra trening!
Plaskebasseng: For dei aller minste. Med ei lita vass-sklie, vassfall, "blubb" og dusj.
Jacuzzi utandørs: Plass til 12 personar. (Aldersgrense 16 år)
Stor felles badstu inne i anlegget: Aldersgrense 16 år.
Stupetårn: Hopp frå 1, 3 eller 5 meter.
Wibit-hinderløype: Morosam vassleik for store og små – blir sett opp enkelte dagar i feriane.
👙 Garderobar og fasilitetar:
Damegarderobar: 2 stykk, begge med 48 skap.
Herregarderobar: 2 stykk, begge med 48 skap.
HC-/familie-/nøytrale garderobar: 2 stykk med god tilrettelegging. 8 skap i kvar garderobe, toalett, og to dusjar. Den eine HC-garderoba har stellebenk med heis.
🧭 Inngang og resepsjon:
Hovudinngang / SLUSA: Ligg like til høgre når du kjem inn i Campus.
Resepsjon: Ligg like til venstre – her får du hjelp og informasjon.
Bli med inn på Voldabadet! Video om Oss!