09.11.26: Skumringstime - Nordisk litteraturveke

Foreininga Norden Ørsta-Volda og Volda folkebibliotek inviterer til høgtlesing i samband med den nordiske litteraturveka måndag 9. november klokka 19.00.

Skumringstimen blir årleg arrangert på bibliotek over heile Norden og Baltikum den andre måndagen i november. Då blir årets tekst lesen samstundes i alle nordiske og baltiske land på dei nordiske og baltiske språka. Nettopp det at det skjer på same tid, og at vi får oppleve språka i ei og same lesestund, skaper ei særeigen stemning.

Årets litteratur er den svenske romanen De kommer att drunkna i sine mödrars tårar (2017) av Johannes Anyuru. Teksten vil bli lese for oss på nordiske og baltiske språk.

De kommer att drunkna i sina mödrars tårar er ein framtidsroman som skildrar korleis eit demokratisk samfunn som Sverige kan bli om ein ikkje vernar om sine demokratiske verdiar. Under eit foredrag med ein kontroversiell karikaturteiknar blir ein bokhandel utsett for ein terroraksjon. Hendinga blir filma og strøyma. Jenta som filma terroraksjonen, blir seinere innlagd på ein rettspsykiatrisk klinikk. Her tek ho kontakt med ein forfattar, som ho vil dele historia si med. Ho fortel at ho kjem frå eit framtidig og splitta Sverige. Historia hennar får forfatteren til å reflektere over sitt eget liv, tilhøyrsle og samfunnet vi lever i. Romanen skildrar konsekvensane av mistillit og utanforskap, samstundes som den tematiserer håp, fridom og språket si makt.

Foreininga Norden Ørsta-Volda har gjennom mange år samarbeidd med dei lokale folkebiblioteka om å arrangere Skumringstimen annankvart år i Volda og Ørsta. Arrangementet er gratis og ope for alle. Vel møtt til årets nordiske lesestund i Volda!

Les meir om Nordisk litteraturveke på: https://www.nordisklitteratur.org/no