100 bøker før du er 6 år

No kan småbornsfamiliar i Volda kommune vere med på lesekampanjen "100 bøker før du er 6 år". 

Kom innom biblioteket og få med eit hefte som de fyller ut etterkvart som de les. Kryss av når de har lese 25, 50, 75 og 100 bøker for å få ein lesebutton med oss! 

Kampanjen er retta mot born i barnehagealder, og går ut på at ein les, eller blir lesen for, 100 bøker før skulestart. Undervegs kan borna få lesebuttons på biblioteket for kvar 25. bok, før dei til slutt får eit eige superlesardiplom.

Målet er å gjere det enklare og meir motiverande for familiar å lese saman i kvardagen, og å styrke rolla biblioteka spelar som ressurs for lesing og formidling.

Kampanjen er finansiert med midlar frå Nasjonalbiblioteket, og er etter idé frå biblioteka i Vestfold.