23.11.26: Forfattarmøte med Simon Stranger

I samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal inviterer vi til forfattarmøte med Simon Stranger måndag 23. november klokka 19.00!

"Jeg har arvet hendene dine. Selv om mine er slankere, er det lett å se spor av dem i mine. I mange år syntes jeg selv dét var ubehagelig."

I eit føredrag med bilete og spesialskriven musikk vil Simon Stranger fortelje og lese frå boka Stranger. Om adopsjon, psykisk sjukdom, om å vekse opp med ein ustabil far og om å segle over Atlanterhavet i ein seglbåt som gradvis går i stykke.

Simon Stranger har sidan debuten i 2003 gjeve ut ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne, og vart i 2014 nominert til Nordisk råds litteraturpris for De som ikke finnes. Bøkene har fått særs gode kritikkar og er omsette til fleire språk.

Arrangementet er gratis og ope for alle!