Alf Kjetil Walgermo - Litteratur i Andeby - Bibliotek

Alf Kjetil Walgermo - Litteratur i Andeby

Ikkje gå glipp av spanande forfattarmøte om Donald Duck og klassisk litteratur onsdag 22. april!

I samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal inviterer vi til forfattarmøte med Alf Kjetil Walgermo onsdag 22. april klokka 18.00!

I Litteratur i Andeby inviterer Alf Kjetil Walgermo oss til ei ny og leikande forståing av Donald Duck og klassisk litteratur. Walgermo er sjølv frå Sunnmøre og gir oss både kunnskap og latter når han viser korleis Donald si verd kan vere ein inngangsport til store klassikarar som Homer, Dante og Shakespeare. På dette arrangementet får publikum møte ein engasjert formidlar som viser korleis humor og kunnskap går hand i hand.

Arrangementet er gratis og ope for alle.