Annleislandet Svalbard

Onsdag 8. november klokka 20.00 inviterer vi, i samarbeid med Litteraturhus i Møre og Romsdal, til forfattarmøte med Line Nagell Ylvisåker. 

Journalist og forfattar Line Nagell Ylvisåker har budd på Svalbard sidan 2005. Ho har hus og familie der, men ein gong må ho flytta derifrå. Det er ikkje lagt opp til at ein skal bu på øya heile livet; Svalbard har ikkje fastlegar eller sjukeheimar. Line er norsk statsborgar og kan flytta til fastlandet når ho ønskjer, men ikkje alle har den moglegheita.

Line Nagell Ylvisåker (f. 1982) kjem frå Sogndal, er utdanna journalist og har jobba tolv år i avisa Svalbardposten. Ho har tidlegare gitt ut boka Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard (2020) og barneboka Foxi. Sledehunden ingen ville ha (2022).

I møte med forfattaren får publikum mellom anna vite meir om folka som bur på Svalbard, korleis det er på bu ein stad der ingen treng visum eller opphaldsløyve, og kanskje forstå litt meir om kva som gjer Svalbard nettopp så annleis.

Arrangementet er gratis.