Avslutningsfest for Sommarles 2023

Banner for Sommarles 2023 med karakterane Asbjørn og Astrid - Klikk for stort bileteSommarles 2023

Årets Sommarles er over for i år. For å feire framifrå gjennomføring i Volda kommune vil vi invitere sommarlesarane våre til ein avslutningsfest i Volda filmteater!

Tidspunkt for avslutningsfesten: torsdag 28. september, kl. 17.30-19.30. Dørene vil vere opne frå 17.00. Tidspunktet legg opp til at ein kan kome frå Folkestad og Lauvstad og rekke filmen. Det vil bli delt ut lodd til loddtrekninga ved ankomst.

Kinoplakat for filmen Ruby:sjømonsteret, animasjonsfilm - Klikk for stort bileteKinoplakat Ruby: Sjømonsteret

Først på programmet står presentasjon av lesetala frå Volda kommune i årets Sommarles. Etterpå kjem vi til å trekkje nokre ekstra premiar blant dei som sit i kinosalen (loddtrekning). Omlag kl. 17.45 set kinoen i gong filmen «Ruby: Sjømonsteret». Filmen varer i 1 time og 30 minutt, og har aldersgrense 6 år. Dette er ein animasjons- barnefilm frå DreamWorks som kan passe dei fleste deltakarane i Sommarles. Enkel servering av juice og popcorn.

Alle som har vore med på årets Sommarles kan melde seg på. Dei som treng å ha med seg ein vaksen i kinosalen kan få med seg gratisbillett til den vaksne også, berre gi oss beskjed. For å sikre deg ein gratisbillett til avslutningsfesten og kinoframsyninga kan du kome innom oss på biblioteket, eller reservere billett ved å sende e-post til oss (biblioteket@volda.kommune.no).

Fristen for å sikre seg billett er måndag 25. september, kl. 19. Foreldre som må vente på borna sine er hjarteleg velkomne til å vente på biblioteket. Her vert det mogelegheit for ein kaffikopp.

Velkomne til avslutningsfest for Sommarles! Mvh oss på biblioteket: Hanne, Janita, Marte, Katharina, Liam og Sølvi