
Måndag 13. april klokka 11.00 får vi besøk frå Nynorsksenteret som held innlegg om fordelane med å lese for små barn, og delar sine boktips for dei yngste.
BarselBiblioteket er eit tilbod som går kvar måndag 10.00 - 12.00. Er du i permisjon eller heime med små born og ynskjer å møte andre i same situasjon? Då er dette staden for deg!
Vi riggar til med leiker, leikematter, bøker for dei aller yngste og ein kaffitår til mor/far. I tidsromet 10.00 - 12.00 er dessutan biblioteket stengt for øvrig publikum.
Spør oss gjerne dersom de vil vite meir om lesing for dei yngste!