Er du heime i permisjon og ønsker deg ein stad å treffe andre i same situasjon?

På Volda folkebibliotek vil det vere barseltreff på måndagar mellom klokka 10 og 12. Vi ønsker å lage eit rom for alle som er i permisjon, der foreldre kan møtast og utveksle erfaringar, eller berre ha ein stad å vere. Somme måndagar vil det også vere representantar frå helsestasjonen som vil prate om ulike tema, og andre gongar vil Nynorsksenteret kome og fortelje oss om gleden og fordelane ved å lese for dei minste.
Prosjektet er støtta av midlar frå Nasjonalbiblioteket.