Barselbiblioteket

Barselbiblioteket byrjar på igjen måndag 12. januar!

Velkomen til Barsebiblioteket på Volda folkebibliotek kvar måndag 10.00 - 12.00!

Dette er eit tilbod til alle som er i permisjon eller er heime med born, og som ynskjer å treffe andre i same situasjon. Vi riggar til med leiker, leikematter, bøker for dei aller yngste og ein kaffitår til mor/far. I tidsromet 10.00 - 12.00 er dessutan biblioteket stengt for øvrig publikum.

Spør oss gjerne dersom de vil vite meir om lesing for dei yngste!