
Vi skal sjå kva bibliotek i Noreg som har dei beste byggjarane i Minecraft, og i år er temaet å byggje noko innanfor eventyr.
Når?
Turneringa er frå mandag 10. november til fredag 14. november. Serveren er open kvar av dagane mellom 17:00 og 21:00, og ein kan spele på Java og Bedrock med serveradressa battles.no.
Kva kan ein vinne?
Premien er eit gåvekort på 1000 kroner til kvar på laget (som kan vere inntil 4 personar), i tillegg til ein ny konsoll til ditt lokale bibliotek! Det blir også éin vinner i kvart fylke, som får eit kult trofé til sitt bibliotek.
Direktesending
Det kjem også til å vere direktesendingar på Youtube kvar av turneringsdagane kl. 18:30, der ein ser på byggverk og har giveaways. Sjølve finalesendinga skjer søndag 16. november frå kl. 16:00.
Korleis blir eg med?
1. Åpne Minecraft (på PC, Mac, iPad eller mobil).
2. Kople til serveren med serveradresse battles.no. Port for Bedrock er 19132.
3. Registrer deg i spelet med /registrer.
4. Bygg byggverket ditt! Temaet i år er eventyr!
All informasjon om turneringa finn du på https://battles.no/.
Takk til Sparebankstiftelsen DNB for støtte, og til Nextron, Nexthop, Biblioteksentralen og BS Eurobib som bidragsytarar!
Gler oss til å sjå alt de byggjer i år!