
Volda folkebibliotek har språkkafé måndagar 18.00 - 19.00 fram til og med 1. juni. Vi ynskjer også å halde fram med tilbodet etter sommarferien, og treng fleire frivillige.
Som frivillig skal ein vere ein stødig og imøtekomande samtalepartner for dei som ynskjer å praktisere meir norsk i kvardagen. Språkkafé er ein sosial og fin møtestad for dei som ynskjer å bli betre i norsk. Saman ynskjer vi å skape ein sosial møtestad der ein kan samlast kring bordet, nyte ein kopp kaffi eller te, snakke saman om stort og smått, og stifte nye venskap.
Kan du tenkje deg å stille som frivillig? Ta kontakt med oss på e-post: biblioteket@volda.kommune.no eller telefon: 70058850.