Bli med på bok-bingo

I januar arrangerer vi bok-bingo på biblioteket, der ein kan vere med i trekning om kjekke premiar.

Start det nye året med ei spanande leseutfordring! Bingoen består av 16 kategoriar, der målet er å ha lese fire på rad, horisontalt, vertikalt eller på diagonalen. Hent bingoark hjå oss på biblioteket, eller last ned ein versjon nedst på denne sida. 

Skriv ned titlane du leser i ruta på kvar kategori. Lever ferdig utfylt bingoark på biblioteket, med namn og lånekortnummer, seinast onsdag 31. januar og bli med i trekninga av fine premiar! 

Måndag 5. februar trakk vi fem heldige vinnarar av bok-bingoen! Dei aktuelle skal ha motteke sms frå oss om å kome og hente premien sin. I premiepakken finn ein ei kjekk bok, og borna finn også ei ekstra lite overrasking i posen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Last ned ein versjon av bingoarket her: Lesebingo bingoark (PDF, 2 MB)