Bli med på Sommarles 2023!

Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Frå 1. juni kan alle 1. - 7.klassingar i heile Volda kommune  vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 164 000 barn over heile landet. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Banner for Sommarles 2023 med karakterane Asbjørn og Astrid - Klikk for stort bileteSommarles 2023

I 2022 deltok over 50% prosent av elevane i Volda kommune, og vi håper på at det blir minst like populært i år. Det vil vere mogeleg å hente ut premiar både på biblioteket i Volda, og på filialen på Smia i Hornindal. Mange bibliotek leverer ut premiar til born frå andre kommuner, så det finnast også mogelegheiter for å hente ut premiar dersom ein er på ferie andre stadar i landet, berre ta kontakt med det aktuelle biblioteket.

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
  • Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og  varer fra 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket! Ei oversikt over kva premiar ein kan velje når ein når ulike "levels" kjem!
  • Informasjon til både skular og føresette finn de på altom.sommerles.no.
  • Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS.

 

Kva kan ein registrere som lest inne på sommarles.no?

Deltakarane kan lese nesten kva som helst av bøker! Dei kan også lytte til lydbøker eller bli lest til av mamma, pappa eller nokon andre som er flinke til å lese.

Det vi ikkje godkjenner på Sommarles er aviser (med unntak av Aftenposten jr. og Fremtida junior), oppslagsverk (som for eksempel leksikon og atlas), lærebøker (med unntak av reine lesebøker) oppskriftsbøker (som kokebøker og strikkebøker), kalendarar, blad (for eksempel Julia, Wendy og Donald), nettartiklar, aktivitetsbøker/fargeleggingsbøker og podcastar. Elles er det lov å registrere alt av bøker og pocket-bøker med tekst og bilete, eller teikneseriar.

Ta kontakt med oss på biblioteket dersom de lurer på noko: biblioteket@volda.kommune.no