Bli med som frivillig!

Biblioteket og Volda frivilligsentralen søkjer fleire frivillige som kan stille opp på Lån ein volding på laurdagar. Har du lyst til å ta ein kaffistopp på biblioteket ein laurdag, og slå av ein prat? Meld deg på!

Volda folkebibliotek driv, i samarbeid med Frivilligsentralen i Volda, "Lån ein volding", ein språkkafé for dei som ynskjer å lære meir norsk. Alle som er trygge i munnleg norsk språk har noko å bidra med her! Møt opp på Volda folkebibliotek laurdagar klokka 12:00 - 13:00. Kaffi har vi sjølvsagt! 

Frivillige fyller ut på ein skjema kva datoar dei kan møte opp. 

Det varierer kor mange som møter, kva som er aktuelt tema, og om vi snakkar ein til ein eller i grupper. Kanskje kan ein også gå ein tur, eller gå på kafe ilag? Møteplassen og praten er det viktigaste.

Kan du tenkje deg å stille som frivillig samtalepartner? Send ein e-post til biblioteket@volda.kommune.no