
Biblio erstattar gradvis BookBites. Dette gjeld alle lånarar i folkebibliotek og dei vidaregåande skulane.
Tidligare BookBites-lånarar får ei pop up-melding om at BookBites vert Biblio måndag 13. april. Begge appane fungerer side om side ei lengre periode, slik at alle får god tid til å laste ned Biblio. I denne perioden kjem det fleire pop up-meldingar i BookBites, mellom anna med direktelenkje til nedlasting av Biblio.
Det er planlagt at det frå 11. mai ikkje vil vere mogeleg å låne bibliotekbøker i BookBites lenger. Lånarar som opnar BookBites etter denne datoen, vil få beskjed om at dei må laste ned Biblio for å halde fram å låne bøker frå biblioteket.
Kva må du som lånar gjere?
Du treng berre å logge på i Biblio med den same brukaren som du har nytta i BookBites, låna dine blir med over. Du skal med andre ord ikkje opprette ny brukar dersom du har nytta BookBites!
Innloggingshjelp til BookBites-lånarar.pdf (PDF, 2 MB)
Du kan få hjelp til innlogging, nedlasting m.m. på Biblio sitt eige hjelpesenter: Biblio Help Center