
Saknar du hjelp til å takle den digitale kvardagen?
Datakaffi er ein del av Volda kommune si satsing knytt til digital inkludering og opplæring for eldre. Dette er eit sosialt lågterskeltilbod der du kan kome til biblioteket og få hjelp med det du lurer på.
Velkommen innom med store og små spørsmål, anten det gjeld data, nettbrett eller telefon. Ta med eige utstyr. Vi ser på dette saman med deg, i roleg tempo over ein kopp kaffi.
Datakaffi på Smia i Hornindal:
Kvar torsdag klokka 10.00 - 11.30.
Datakaffi på Volda folkebibliotek:
Følgjande fredagar klokka 12.00 - 13.30:
23. oktober
30. oktober
13. november
27. november
11. desember
Gratis og ope for alle. Servering av kaffi/te
Tilbodet er eit samarbeid mellom Volda folkebibliotek og Hornindal frivilligsentral.