Demokratier under press

Volda folkebibliotek ynskjer velkomne til foredrag med Ingrid Brekke måndag 27. oktober klokka 19.00.

Ytre høgre og autoritære krefter er på frammarsj. Russland fører krig i Europa. Kva gjer det med demokratia våre? Korleis kan me sikra våre liberale verdiar?

Ingrid Brekke (f. 1969) er journalist i Aftenpostens utenriksavdeling. Ho har skrive fleire bøker om europeisk politikk, mellom anna "Polen. Aske og diamanter" og "De knuste hjerters land. Et innblikk i tysk politikk." Brekke har også drive podkasten "Tyskerne" (om tysk politikk og kultur) i fleire år.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Litteraturhus i Møre og Romsdal og Human-Etisk Forbund Møre og Romsdal.

Ope og gratis for alle!