Digitale aviser, blad og magasin

Ved å besøke Volda folkebibliotek, vil du få tilgang til ein rekke digitale aviser, blad og magasin i appane Flipp og PressReader.

Tenesten Flipp har over 90 magasin og teikneseriar i digital utgåve. Når du opprettar ein brukar i appen kan du også laste ned innhald slik at du kan lese vidare når du er utan nettverk, til dømes på hytta eller på reise. Når du opnar appen på biblioteket sitt nettverk (SSIKT-gjest) får du automatisk tilgang, og denne har du i heile sju dagar før den må fornyast.

 

 

Person som skrollar på nettbrett med Pressreader-appen - Klikk for stort bilete

 

 

PressReader får du tilgang til på same viset, last ned og opn appen medan du er logga på nettverket her på biblioteket. Ein får automatisk tilgang via nettverket som HotSpot. Dersom du vil lagre på ting du les på, kan du opprette ein brukar med e-post og passord. Tilgangen du får frå biblioteket er gyldig i sju dagar, og må deretter fornyast ved å kome innom og vere påkopla nettverket igjen. 

 

 

 

 

Du kan lese meir om begge tenestene under Digitale teneste her på heimesida vår.