Endringar knytt til Heng & Sleng

Torsdag 1. oktober skal biblioteket halde stengt, og Heng & Sleng blir gjennomført på ungdomsklubben på samfunnshuset denne dagen. Det blir ikkje Heng & Sleng i haustferien.

Det har vore litt endringar på Heng & Sleng-tilbodet i det siste. Dette heng saman med redusert bemanning. Torsdag 1. oktober skal dei bibliotekstilsette på samling, og biblioteket held stengt. Denne datoen finn Heng & Sleng stad på ungdomsklubben på samfunnshuset!

Vi gler oss til å kome tilbake til vanleg rutine med Heng & Sleng på Volda folkebibliotek frå torsdag 15. oktober!