
Ein dag oppdagar Grisungen noko som gjer han heilt forskrekka: Han har ikkje krøll på halen! Alle dei andre grisane har spreke halekrøllar, berre ikkje Grisungen.
Han må få krøll på halen, for det skal jo grisar ha?
Elevane frå klasse 1B ved Øyra skule var veldig engasjerte i korleis Grisungen skulle få orden på halen sin. På sjølvaste lanseringsdagen var borna så heldige å få vere dei første til å få oppleve høgtlesing av boka.
Det er stor stas for oss på biblioteket å få besøk av både så flinke elevar og sånn ein flink forfattar!
Hilde Myklebust er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.