Forfattarmøte med Marit Eikemo på Volda filmteater

Volda folkebibliotek og Volda filmteater inviterer til forfattarmøte med Marit Eikemo om boka "Brødrene Eikemo" torsdag 13. mars klokka 19.00.

Arrangementet finn stad i den nye, flotte kinosalen til Volda filmteater og er eit samarbeid med Litteraturhus i Møre og Romsdal.

“Det er lys i vindauget i tredje etasje i Berjaflotvegen 9. Der står Per Eikemo, 86 år gammal, og ser ut over Odda. Dette er ikkje hans tid, og det er ikkjelenger det Odda han kjenner. Men huset står, huset som far hans bygde, og som Per sjølv måtte overta som 14-åring da faren døydde. Her voks han opp, saman med dei fire brørne sine, den eine villare enn den andre. Dei har halde det gåande med husbygging, idrettslag, amerikareiser og maratonløp. Dei fire etasjane har alltid vore fulle av liv og prosjekt. No er det berre Per igjen i huset - og klokka som stadig tikkar og går.”

Marit Eikemo, som sjølv voks opp i Berjaflotvegen 9, har skrive ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad. Boka er ein sørgjesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt, om det som formar oss og om krafta som held oss i live.

Det blir servert kaffi/te. 

Gratis og ope for alle!