
Mykje lese- og skriveopplæring i første og andre klasse på skulen skjer med digitale verktøy som nettbrett, trass i eit magert tilbod av digitale læringsressursar på nynorsk. Korleis verkar denne situasjonen inn på skriveopplæringa til dei yngste elevane?
Arrangementet presenterer ny forsking på skriveopplæring for nynorskelevar i bokmålsprega digitale omgivnader, og inviterer til ein samtale med forskarar, lærarar og Språkrådet om kva som er problemet, og kva som kan gjerast.
Desse deltakarane vil presentere forsking frå Høgskulen i Volda (HVO): førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl og førsteamanuensis Eivor Finset Spilling (Institutt for språk og litteratur ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning) og førsteamanuensis Liv Kristin Bjørlykke Øvereng (Nynorsksenteret).
Samtaledeltakarar: Seniorrådgjevar Vigdis Arnesen i Språkrådet, Gudrun Kløve Juuhl (HVO) og Kristin Sunde, lærar på Mork skule i Volda. Samtalen blir leidd av høgskulelektor Heidi Fagna ved Nynorsksenteret.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Nynorsksenteret, Volda mållag og Volda folkebibliotek.
Arrangementet er gratis og ope for alle.