Friluftsforedrag: Ei reise gjennom alle DNT Sunnmøre sine hytter (NF26)

Hadde det vore gøy å besøke alle DNT-hyttene på Sunnmøre på éin kveld? Vi inviterer til foredrag med DNT Sunnmøre i samband med Naturfestivalen 2026.

Gjennom bilete, historier og praktiske råd blir du kjent med samtlege DNT-hytter i regionen. I dette friluftsforedraget tek vi deg med på ei reise gjennom heile hytteuniverset til DNT Sunnmøre – frå kystnære perler til høgtliggande fjellhytter. Kvar ligg dei, korleis kjem du deg dit, og når på året er det best å fare? Historia bak hyttene og menneska som bygde dei.

 

Tid og stad: Måndag 10. august klokka 18.30 på Volda folkebibliotek.

Dette er eit foredrag for deg som er nyfiken på hyttekulturen, drøymer om nye turmål, eller kanskje ynskjer deg eit konkret prosjekt: å besøke alle DNT-hyttene på Sunnmøre.

Anten du er ny i friluftslivet eller er ein erfaren fjellvandrar, vil du få både inspirasjon og kunnskap som kan hjelpe deg videre på tur.

Kom og få smaken av eventyr – vi sjåast!
Gratis og ope for alle.

Naturfestivalen 8.-16.august
Arrangementet er ein del av Naturfestivalen i Ørsta/Volda 8.-16. august.

Spørsmål?
Ta kontakt med Lasse i DNT Sunnmøre på lasse.hoel@dnt.no