
Volda folkebibliotek og Ung i Volda samarbeider om Heng & Sleng Junior, eit tilbod for born og unge i 4. - 7. klasse.
Kvar torsdag 14.00 - 16.00 på Volda folkebibliotek: Aktivitetar knytt til podcast, brettspel, lego, perling, og kreativt. Oppstart torsdag 15. januar.
Aktivitetane varierer frå veke til veke. Kom innom etter skule, få deg en matbit, ver med på ulike aktivitetar, les ei bok eller berre heng og sleng hjå oss.
Servering av gratis frukt og snacks.