Julestemning på biblioteket

Hjå oss finn du julestemninga, og i Volda skal vi lage Volda si lengste julelenke!

Det er snart jul! Laurdag 2. desember, laurdag, 9. desember og laurdag 16. desember riggar vi til med julelenke-verkstad. Alle som vil kan kome og bidra til å lage julelenka som skal henge i biblioteket i Volda.  Ein kan også fargelegge julekuler som vi gjerne vil pynte med her i biblioteket.

På utstillinga vår ved skranken finn du ein mengde julebøker til utlån. Kanskje finn du ei kalenderbok som kan bli årets julekalender? Bøkene har 24 korte forteljingar, slik at ein kan lese litt kvar dag fram mot julaftan.  

På biblioteket i Hornindal held vi ope laurdag 2. desember. På Smia skal det vere adventstreff med Hornindal bygdekvinnelag, og på biblioteket kan ein fargelegge julekuler og finne kjekke julebøker. 

Velkomne!