Konsert med Volda kulturskule 3. juni
Volda folkebibliotek ynskjer velkomen til konsert med Volda kulturskule tysdag 3. juni klokka 17.00!

Som avslutning på kulturskuleåret arrangerer Volda kulturskule i år KULTURSKULEFEST – konsertar og utstilling som tek i bruk fleire arenaer i kulturskuleelevane sitt nærmiljø, og konsertane kjem i nye format.
Tysdag 3. juni kan ein høyre elevar frå faga Song og Piano framføre det dei har jobba med i løpet av året. Repertoaret vil strekke seg frå pop til filmmusikk til klassisk musikk. Etterpå er publikum også hjarteleg velkomne til Akustisk Konsert i Volda kyrkje kl 1830.
Servering av kaffi/te/saft. Arrangementet er gratis!