Leser søker bok-bibliotek

Leser søker bok (LSB) er ei foreining som jobbar for at alle uansett leseferdigheit, skal få tilgang på gode leseopplevingar. Menneske har ulike leseevne, difor treng vi bøker som er tilpassa ulike lesarar.

Bok til alle      Boksøk

LSB samarbeider med bibliotek over heile landet. Dei fleste er folkebibliotek, men dei har også mange fengselsbibliotek i nettverket sitt, i tillegg til alle fylkesbibblioteka. Desse biblioteka vert kalla Bok til alle-bibliotek.

Den andre ordninga til Leser søker bok vert kalla Boksøk.

Eit Bok til alle-bibliotek har eit spesielt fokus på bøker som er lagd til rette for menneske med ulike lesevanskar. Bøkene samlast og visast fram slik at dei skal vere attraktive og lette å finne. LSB støttar kvart år 12-15 bøker for å verte ein del av denne Bok til alle-samlinga.

 

 

Boksøk er LSB si eiga søkjeteneste som inneheld kvalitetslitteratur for lesarar som synest bøker kan vere vanskeleg. Det meste av skjønnlitteratur og sakprosa som kjem ut på allmennmarknaden vert vurdert, og bøker som passar for målgruppene vert formidla her.

 

Du kan lese meir om Leser søker bok-ordninga her: www.lesersokerbok. no