
Kva skjer med bruktkleda våre?
Kleindustrien har stor negativ innverknad på klima og miljø. Den står for inntil 10 % av klimagassutsleppa i verda, og forbrukar store mengder vatn og kjemikalier i produksjonen. Vi kjøper dobbelt så mykje klede som på 90-talet. Moteindustrien fører til bruk og kast og mykje tekstilavfall. I tillegg vert 97 % av bruktkleda våre eksportert til fattige land i sør.
Mange av oss har vel sett berga med klede i ørkenen i Chile og andre stader. Kva følgjer har det for folk i desse landa? Er bruktkle frå vestlege land ei berekratig løysing eller avfallskolonialisme? Det er tema for innlegget til Nathalie Homlong, professor ved institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag ved Høgskulen i Volda. Ho har mellom anna forska på effektane av bruktkleforbruk på berekraft i Ghana.
Minihus – ei meir berekraftig buform?
Også bygga våre, husa vi bur i og alt vi fyller dei med er eit miljøproblem. Det andre innlegget kjem frå sjukepleiar Karoline Hasle Einang. Ho vil snakke om vegen til eit enkelt liv i minihus – eit innlegg om å leve litt meir berekraftig og enkelt i eit lite hus.
Minihus, eller mikrohus som dei også vert kalla, kan vere ei meir berekratig bustadform enn tradisjonelle hus. Dei krev mindre materialar og energi, noko som reduserer både kostnader og miljøpåverknad. Dei kan byggast med materialar som er meir miljøvenlege og resirkulerbare. Dei krev mindre areal, kan utstyrast med solceller.
Lett servering med kaffi og te. Ope og gratis for alle.