

Vi har fått på plass ny sjølvbetjent løysing på Volda folkebibliotek. På denne kiosk-PC-en kan du bruke lånekortet ditt for å registrere låna dine sjølv.
1. Tykk på “Utlån” på skjermen
2. Skann lånekortet ditt
3. Skann bøkene du vil låne
4. Trykk på “Avslutt”
Du kan også sjekke status på lånekontoen din som gir oversikt over aktive lån, titlar som står på hentehylla, forfalte lån og reservasjonar.
Sjå video på facebook-sida vår som viser kor enkelt det er her
Finn du ikkje lånekortet ditt?
Kom innom og få eit nytt eit med oss! Eller logg inn på Bibliotekkortet og ta ein skjermdump av lånekortstrekkoden din der (gjeld kun for nasjonale lånarar). På bibliotekkortet.no kan ein også oppdatere informasjonen som ligg i det nasjonale lånarregisteret og oppdatere PIN-kode dersom ein ynskjer det.
Vi er framleis tilgjengelege i skranken for å hjelpe dei som ynskjer å registrere låne sine der!
Det vil også kome på plass sjølvbetjent løysing på Hornindal bibliotek.