Oddgeir Bruaset - Vegen som vart min

Volda folkebibliotek inviterer til forfattabesøk med Oddgeir Bruaset på Volda filmteater onsdag 26. november klokka 19.00. 

Oddgeir Bruaset har i over førti år samla folket framfor TV-skjermen og radioen. Han er mannen bak den folkekjære serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og har rørt og engasjert med nære skildringar av levd liv.

Kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? I boka Vegen som vart min fortel Bruaset om oppveksten i Romsdal, om hardt arbeid og enkle kår, om den underlege vegen til NRK og om valet mellom kateter og mikrofon.

I boka får vi eit gjensyn med små og store hendingar frå eit langt journalistliv. Bruaset har jobba med alt frå å dekkje nyhende og tragediar, til å lage program om storslegen natur, dronning Sonja og Erik Bye. Boka er også ei forteljing om motkultur og livet i utkanten.

Arrangementet er i samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal. Ope og gratis for alle. 

Norli Volda vil stille med boksal. Betaling med vipps.