Om nytt biblioteksystem

Velkomen attende til Volda folkebibliotek og Hornindal bibliotek, no i drift med nytt biblioteksystem!

Nytt biblioteksystem

Det nye biblioteksystemet vårt heiter Cicero. Etter planen skulle Volda folkebibliotek (saman med Hornindal bibliotek) og Ørsta folkebibliotek slå seg saman i Cicero. På grunn av problem knytt m.a. til fjernlån, statistikk og sending av meldingar som samla bibliotek, valgte vi å gå over kvar for oss. 

I overgangen beheldt vi alle lånarane som vi tidlegare delte på tvers av kommunene. Dette betyr at du som Volda-lånar også ligg registrert som lånar hjå Ørsta folkebibliotek, og omvendt. Vi kan ikkje lenger resevere bøker i Ørsta sin katalog på same måte som før, men vi fjernlåner bøker etter behov, også frå Ørsta.  Dersom du ynskjer å fjerne deg som lånar på det biblioteket du ikkje nyttar i det daglege er det berre å ta kontakt. 

Ny side for søk og oversikt over lån

Den nye nettstaden for å søke i katalog, reservere bøker, sjå og fornye lån er Cicero Surf

NB! Ein kan ikkje lenger nytte “Meg og mitt” for å fornye lån!

For å logge inn trykker du på strekane øverst til venstre og “Logg på”. Du loggar inn med brukarnavn (lånekortnummer) og PIN-kode (innlogging med e-post er ikkje lenger tilgjengeleg). Oppe til venstre kan ein også endre kva bibliotek ein søkjer i, og ser låna sine hjå, ved å trykke på “Gå til annen skole”. Her kan ein t.d. velje Hornindal bibliotek, Ørsta folkebibliotek, eller andre bibliotek som nyttar Cicero. Ver merksam på at du må logge inn på nytt for å sjå låna dine dersom du byter bibliotek!

Finn du ikkje det fysiske lånekortet ditt? Logg på bibliotekkortet.no ("Logg på Min side", og “Logg inn med ID-porten”) for å finne lånenummeret ditt. Her kan ein også oppdatere PIN-koden sin dersom ein treng det. 

Ein kan, som før, bruke utlånsautomaten for å registrere lån sjølve når ein er innom oss (hugs lånekort). 

Takk for tolmod og velvilje medan vi tilpassar oss nye Cicero!