Overgang til nytt biblioteksystem i august/september

Volda folkebibliotek skal over på nytt biblioteksystem etter sommaren. Her kan du lese meir om korleis dette påverkar deg som lånar.

Volda folkebibliotek (inkludert filial Hornindal bibliotek) skal saman med mange andre kommuner i Møre og Romsdal over på nytt biblioteksystem i år.  Det nye biblioteksystemet heiter Cicero, og er allereie i bruk hjå fleire folkebibliotek landet rundt og i fylket vårt. 

Volda og Ørsta skal over på det nye systemet samstundes i september. I samband med at vi må førebu samlinga vår (kassere gamle bøker, rydde i katalogen, lage ny struktur for plassering av bøkene våre etc.) kjem vi til å halde fram med reduserte opningstider for å ha nok tid til å løyse tekniske oppgåver og førebuing. Du kan lese om dei reduserte opningstidene våre her. 

Når vi skal overføre samlingane våre frå det gamle til det nye systemet kjem vi til å halde stengt for brukarane, og opnar først når vi ser at alt fungerer slik som det skal. Vi planlegger for implementering i tidsromet 25. august til 17. september, og vil sannsynlegvis halde stengt i heile veke 38. Det er framleis ikkje bestemt nøyaktig kor mange dagar biblioteket vil halde stengt, meir informasjon om dette kjem når implementeringsprosessen er i gong!

Det vil også bli stengt for bestilling av fjernlån for ei periode i forkant av overgangen, dette for å minimere mengden innlån og fjernlån når databasen skal flyttast. Meir informasjon om dette kjem.

Som lånar vil du ha det same tilbodet som før når vi er over på Cicero. Det nye systemet er meir automatisert når det kjem til meldingar om bøker til henting, påminningar og purremeldingar o.l. Vi vil etterkvart gå til innkjøp av ny utlånsautomat, slik at du som lånar i større grad ordnar med innlevering og lån av bøker sjølv. Dei som ikkje har fysiske eller digitale lånekort bør få ordna dette, og dette er sjølvsagt noko vi hjelper dykk med!

Ein vil framleis ha tilgang til dei digitale tenestene som ein har i dag gjennom folkebiblioteket og det nasjonale lånekortet sitt. 

Lånarar med lånehistorikk

Lånehistorikk er lagring av låna du har hatt i biblioteket. Det kjem ikkje til å vere mogeleg å overføre lånehistorikken sin frå Mikromarc til Cicero.  I det noverande systemet, Mikromarc, får vi opp varsel dersom ein prøvar å låne ein bok som ein tidlegare har lånt ut. Cicero har pr. dags dato inga løysing for varsling dersom nokon har lånt den same tittelen tidlegare. Lånarar som nyttar lånehistorikk i dag bør difor kontakte oss dersom dei ynskjer ein kopi av låna dei har hatt i det gamle systemet.