Overgang til nytt biblioteksystem

Volda folkebibliotek og Hornindal bibliotek skal saman med Ørsta folkebibliotek halde stengt i veke 38 (15. september - 21. september) i samband med systemskifte. 

Grunna skifte av bibliotekstystem kjem biblioteka til å halde heilt stengt i denne perioden. Vi opnar ikkje opp før det nye systemet er oppe og gå og vi ser at alt fungerer som det skal. Det kan difor vere at vi held stengt heilt eller delvis i veke 39 (22. september - 28. september). Dette vil vi informere om fortløpande. 

Vi ber om at det ikkje blir levert inn bøker dei dagane vi held stengt. 

Fjernlån vart stengt 18. august, og vil halde stengt heilt til overgangen er gjennomført. Vi gir informasjon om når det vil vere mogeleg å fjernlåne bøker igjen.