
Sommarles.no er ein digital lesekampanje for 1.-7. trinn, som varer frå 1. juni til 31. august. På Sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive Sommarlesforteljinga, løyse oppgåver og følge med på kva vennene dine les!
Dersom du har vore med tidlegare, treng du ikkje opprette ny brukar i år. Då loggar du inn med same brukarnamn og passord som før.
Kven kan vere med?
Born som går i 1.-7. klasse, inkludert dei som er førskuleborn og skal byrje på skule i august.
Kva kan ein registrere?
Du kan lese kva som helst av bøker! Du kan også lytte til lydbøker eller la mamma, pappa eller nokon andre lese høgt for deg. Det vi ikkje godkjenner på Sommarles er aviser (med unntak av Aftenposten jr. og Fremtida junior), oppslagsverk (som for eksempel leksikon og atlas), lærebøker (med unntak av reine lesebøker) oppskriftsbøker (som kokebøker og strikkebøker), kalenderar, blad (for eksempel Julia, Wendy og Donald), nettartiklar, aktivitetsbøker/fargeleggingsbøker og podcaster. Elles er det lov å registrere alt av bøker og pocket-bøker med tekst, bilde eller teikneseriar.
Elevar som nyttar lydbøker eller andre ressursar frå Tibi - Biblioteket for tilrettelagt litteratur, kan sjølvsagt registerer dette også! Sommarlesforteljinga ligg også tilgjengeleg som lydbok.
Deltakarane samlar XP (poeng) ved å løyse oppgåver, stikke innom det lokale biblioteket for å hente kodeord, og framfor alt, lese og registrere så mange bøker dei berre orkar gjennom heile sommarferien! Deltakarane får dessuten eksklusiv tilgang til ei spesialskriven Sommarlesforteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
Deltakarane vinn digitale trofé og små premiar dei kan hente på biblioteket. Det er mange forskjellige premiar å velje mellom, og deltakarane får beskjed når dei har samla nok XP til å hente ein premie.
Les meir på https://sommerles.no/svar eller kom innom oss på biblioteket for å lære meir.