
Visninga skjer i samarbeid med Filmrommet. Det vil bli gratis servering av popcorn og juice til alle borna. Dørene opnar 17.30, og filmen startar klokka 18.00. Filmen varer i 1 time og 30 minutt.
Påmelding: for å melde seg på må ein sende ein e-post til biblioteket@volda.kommune.no eller ringe oss på 70058850. Vi ynskjer å vite om bornet treng ein vaksen saman med seg kinosalen, og om ein har allergiar vi skal ta hensyn til. Det er begrensa med plass, og vi oppmodar foreldre til å vente i kinostova. I kinostova får ein servert kaffi og noko attåt. Tilsette frå biblioteket vil vere tilstades i kinosalen for å sørge for at alle får ei fin oppleving saman.
Frist for påmelding er fredag 18. september klokka 14.00.
Vi gler oss til å fylle kinosalen og feire saman med dykk!