Språkkafé på Volda folkebibliotek
Måndagar klokka 18.00 - 19.00 inviterer vi til språkkafé hjå oss, med servering av gratis kaffi/te.

Språkkafé er ein sosial og fin møtestad for dei som ynskjer å bli betre i norsk. Alle som skal lære eit nytt språk treng nokon å praktisere det med!
Det varierer kor mange som møter, kva som er aktuelt tema, og om vi snakkar ein til ein eller i grupper. Møtestaden og praten er det viktigaste!
Ta kontakt med oss på biblioteket@volda.kommune.no eller 70058850 dersom du kan tenkje deg å stille som frivillig!