Språkkafén tek sommarferie

Språkkaféen har tatt sommarferie, men vi startar opp att med tilbodet i august. Dato for oppstart kjem!

Måndagar klokka 18.00 - 19.00 inviterer vi til språkkafé hjå oss, med servering av gratis kaffi/te.

Språkkafé er ein sosial og fin møtestad for dei som ynskjer å bli betre i norsk. Alle som skal lære eit nytt språk treng nokon å praktisere det med!

Det varierer kor mange som møter, kva som er aktuelt tema, og om vi snakkar ein til ein eller i grupper. Møtestaden og praten er det viktigaste!