
Lær mellom anna grunnleggjande databruk og nyttige appar til telefon/nettbrett. Kvar samling tek for seg ulike tema, og ein kan kome med ynskje til tema undervegs. Det er heilt uforpliktande, og ein treng ikkje melde seg på.
Ein må ta med eige utstyr (PC/MAC, nettbrett eller mobiltelefon).
Kursa finn stad på Volda folkebibliotek 11.00-13.00 og blir leia av Fred Igland. Det blir servert gratis kaffi, te og noko å bite i.
Har du spørsmål? Kontakt biblioteket: tlf.: 70058850/biblioteket@volda.kommune.no