Sprek på nett

Sprek på nett er eit nytt gratis tilbod i regi av Volda kommune for deg som vil kjenne meistring i møte med den digitale kvardagen. Bli med på gratis kurs for å heve den digitale kompetansen din! 

Lær mellom anna grunnleggjande databruk og nyttige appar til telefon/nettbrett. Kvar samling tek for seg ulike tema, og ein kan kome med ynskje til tema undervegs. Det er heilt uforpliktande, og ein treng ikkje melde seg på. 

Ein må ta med eige utstyr (PC/MAC, nettbrett eller mobiltelefon). 

Kursa finn stad på Volda folkebibliotek annankvar fredag 11.00-13.00 f.o.m. 26. januar, og blir leia av Fred Igland. Det blir servert gratis kaffi, te og noko å bite i. 

Datoar fram til påske:

  • 26. januar
  • 9. februar
  • 23. februar
  • 8. mars
  • 22. mars

 

Har du spørsmål? Kontakt biblioteket: tlf.: 70058850/biblioteket@volda.kommune.no